“
Og her er det da det utspelar seg ei historie som ingen lenger vil eller kan fortelja om. Men dersom fars historie skal henge saman, må det byggast ei bru over til det som sidan skjedde. For det som sidan skjedde, er uforståeleg utan det som hende no, og det som hende no, måtte bli slik fordi det hadde hendt ting før, ja lenge før, som ein ikkje kunne koma seg laus ifrå! Det er som om ein må forsere ei brusande elv, der vatnet og isen har tatt bruene, der det berre finst ein løypestreng med ei korg, som ein må våga å setta seg i for å koma over til den andre sida.
”
”